Bli med å realisere brua
mellom Anda - Lote

Illustrasjon: LMG Marine / Nordwest3D

Bru over Nordfjord ved Lote - Anda

Selskapet sitt formål er å arbeide for ei fergefri kryssing av Nordfjorden mellom Anda i Gloppen kommune og Lote i Eid kommune. Selskapet si målsetting er at bru skal stå ferdig og erstatte fergene innan 2030.

Å erstatte fergene med bru vil kunne føre til:

Større regional attraktivitet

By- /tettstads-
utvikling

Større og sterkare
bo- og arbeidsregion

  • Eid og Gloppen blir ein tilnærma integrert felles bo- og arbeidsmarknadsregion
  • Eid og Gloppen opplever vekst i attraktivitet, både når det gjeld busetjing og næringslivsutvikling
  • Ytre Nordfjord og søre Sunnmøre får eit nytt samband mot E39 og Førde/Sogndal/Hemsedalsfjellet
  • Gloppen vil oppleve betre tilkobling til ytre Nordfjord og søre Sunnmøre, og eit nytt og til dels annarleis arbeidsmarknad
  • Eid og midtre/ytre Nordfjord samt sørligaste del av Sunnmøre får raskere tilkomst til nærflyplass
  • Gloppen får raskare tilkomst til nærsjukehus
  • Eid og Gloppen vil oppleve større intern konkurranse i forhold til handel, arbeidsplassar og bosetting, og innbyggarane får større fleksibilitet for bustad, arbeid og fritid
  • Eid og Gloppen vil saman bli eit nytt tyngdepunkt i regionen, og likevekta som har vore tidlegare blir endra

Kontakt oss

Jan Olav Tryggestad
Dagleg leiar
jotrygg@outlook.com
+47 911 60 299

Harald Kjelstad
Styreleiar
harald@kjelstad.eu
+47 909 35 192